Veka i førevegen sende me invitasjon til besteforeldre om dei hadde lyst å vera med og markera vesle 17. mai saman med oss. På invitasjonen stod det at me skulle gå i tog og leika 17. mai-leikar, med enkel servering i form av ei pølse i brød.

Me plukka pynt og sette fram flagg. Det var klart for at besteforeldre skulle komma etter lunsj. Gleda og spenninga var stor då me åt lunsj. Barnehagebarna hadde kontroll på kven som skulle komma frå kvar familie.

Barna hoppa i joggesko og jakke og var klare for å ha vesle 17. mai. “Mormor”, “bestemor”, “bestefar”, “farmor” blir det ropt i det me kjem opp på plassen. Der er fleire besteforeldre allereie på plass. Då alle er komne, ynskjer me velkommen og inviterer alle til å gå i 17. mai-tog. Korpsmusikk på høgtalarane, skulebarna held fana og duskane, medan resten kjem bak. Dei fleste barna held flagg, og me ropar “hipp-hipp-HURAAA”. Det vart eit langt tog.

Etter at me har gått nokre rundar på leikeplassen, går ungane på trappa og gjer seg klar for å synga. “Alle barna klapper”, “Vi ere en nasjon vi med” og til slutt var alle med og song “Ja, vi elsker”. Så blei det 17. mai-leikar der alle deltok på sine måtar. Potetløp, risposekasting og hesteskokasting. Det vart pølseeting, og me avslutta med is.

Det at besteforeldre i dag er i arbeid er det meir og meir av. Derfor er det ikkje alltid like lett for alle å ta fri for å bli med på slike arrangement, men me hadde eit veldig bra oppmøte, som er veldig kjekt.

Besteforeldri synest at dette var veldig kjekt. Det å få vera med på arrangement, utan føresette er ei annan oppleving. Besteforeldre blir dei næraste som me ser på som ein stor verdi i å få felles referansar. Me hadde også eit arrangement i førjulstida saman med besteforeldre som var like kjekt. Dette har me lyst til å få til fleire gonger.

Tok med personar, born og eldre.